Alle Teller!

--------------------------------------------------- 

Ny digital utgåve av Alle Teller i 2018

--------------------------------------------------- 

Alistair McIntosh og Matematikksenteret  

I samarbeid med Nationellt Centrum för Matematikutbildning (NCM),  var Professor Alistair McIntosh, University of Tasmania, gjesteprofessor både i Sverige og Noreg ein periode. Han har utvikla materiell for kartlegging av barn si taloppfatning og talforståing. Arbeidet byggjer på eit langt forskarliv innafor akkurat denne viktige delen av matematikkdidaktikken. Materialet er bearbeidd og tilpassa norske forhald og læreplanar av Ingvill Merete Stedøy-Johansen og May Renate Settemsdal.

Skriftlege kartleggingstestar 1.-10. nivå, tal og tallforståing

Materialet omfattar skriftlege testar for 1. - 10. nivå, rettleiing for gjennomføring og vurdering av testane, vurderingsskjema, samt rettleiing til elevintervju. Alle testane finst på både nynorsk og bokmål.

Handboka Alle Teller! - tal og tallforståing

I tillegg til testmaterialet har McIntosh skrive ei handbok. Oppgåvene i testane viser til kapittel i handboka, der det finst grundig forklaring på kva type talforståing oppgåvene er meint å teste. Boka omhandlar vanlege misoppfatningar, kvifor dei førekjem, og konkrete forslag til korleis lærarane kan arbeide vidare ut frå resultata på testane.

Handboka bør alle lese. Boka gir innsikt i kva som er vanskeleg for elevane og kvar for misforståingar eller misoppfatningar dei kan utvikle. Dersom lærarane er klar over dette, og tek det med seg når nye begrep blir innført, kan ein unngå mange misforståingar. Derfor bør ein også bruke boka når ein planlegge undervisninga. Dette er et unikt verkty som vil gi føresette og lærarar innsikt i korleis dei best kan hjelpe elevane til å meistre matematikken.

Vidare gjev handboka idear til korleis læraren kan rettleie elevane frå hovudrekningsstrategiar til skriftlege framstillingar og algoritmar.

Matematikksenteret sel denne handboka i nettbutikken, og kartleggingstestane medfølgjer på ein CD bakerst i boka.

Bestill handboka Alle Teller!

 

Postadresse:
Matematikksenteret, NTNU
7491 Trondheim
Besøksadresse:
Gløshaugen,
Realfagbygget, A4
Telefon og epost:
73 55 11 42
ms@matematikksenteret.no
Kjernetid:
09.00-15.00

Personvernerklæring