Matematikkbegrep på fleire språk
Dette er ei ressursside for lærarar som har minoritetsspråklege elevar i klassen sin.
Aktiviteten
NAFO, Nasjonalt Senter for Fleirkulturell Opplæring, har fleire ressursar som vil vere til god støtte for lærarar som underviser minoritetsspråklege elevar i matematikk.
- Matematiske omgrep på 12 ulike språk. Desse hefta er kvalitetsikra av Matematikksenteret.
- Prinsipp for god andrespråksinnlæring
- Lexin er ei tospråkleg ordliste. Der kan elevane gjere oppslag dersom dei kan eit matematisk omgrep på morsmålet sitt, men ikkje veit kva det heiter på norsk
- Bildetema er ei ordliste med både bilete og lyd. Her får elevane oversette ordet til lyd og bilete.
- Rettleiing til foreldre. Denne rettleiinga gir tips om korleis foreldre kan arbeide med matematikk med barnet sitt (primært for barn opp til 6. trinn).