Fra læreplan til praksis
Oppgåva på matematikksenteret er å fremje ei forskingsbasert forståing av god læring og undervisning i matematikk, ein «ambisiøs matematikkundervisning». Det er ei undervisningsform som har som mål å utvikle forståinga og engasjementet til elevane, og dessutan kompetansen deira til å berekne, nytte og resonnere. Dette er viktige trekk som blir spegla i kjerneelementa.
Engasjementet ditt, oppfølging og rettleiing er det viktigaste for å få alle engasjerte i matematikk. Måten du jobbar med matematikkfaget på, kan bidra til å trekkje inn dei sentrale elementa i overordna del av ny læreplan.
Kjenneteikn på ein undersøkjande (ambisiøs) matematikkundervisning | |
---|---|
1. | Elevane arbeider med oppgåver og aktivitetar som fremjar resonnering og problemløysing. |
2. | Elevane har mange høve til å samarbeide, og deltek i matematiske samtalar. |
3. | Elevane utviklar eigne løysingsstrategiar. |
4. | Læraren etablerer eit positivt affektivt klassemiljø ved å behandle elevane med respekt, lytte til ideane deira og verdsetje det faglege bidraget deira. |
5. | Læraren fremjar djupnelæring og forståing i matematikk. |
6. | Læraren kjem med konkrete og konstruktive tilbakemeldingar som utfordrar elevane. |
7. | Feil blir rekna som ein del av læringsprosessen. |
Kva er matematisk kompetanse?
Forsking viser at ambisiøs matematikkundervisning fremjar matematisk kompetanse. Men kva ligg eigentleg i omgrepet «matematisk kompetanse»? Ifølgje «Trådmodellen» (Kilpatrick, Swafford og Findell, 2001) blir matematisk kompetanse beskriven som samansett av fem komponentar: Forståing, berekning, bruk, resonnering og engasjement. Alle komponentane er tett samanfletta og avhengige av kvarandre. Ved å arbeide med alle fem komponentane, vil elevane utvikle ein solid, varig, fleksibel og relevant kompetanse i matematikk. Dei fem komponentane omfattar alle kjerneelementa i læreplanen, LK20.
Utforskande undervisning med LIST-oppgåver
Utforsking og problemløysing er sentralt i den nye læreplanen. Utforskande undervisning med LIST-aktivitetar styrkjer klasserommet som eit læringsfellesskap der alle får høve til å bidra. Dette er aktivitetar som gir moglegheit for samarbeid og høg elevaktivitet – dei bidreg til utforsking og problemløysing, og framhevar alle kjerneelementa i matematikk. Arbeid med LIST-aktivitetar handlar om å øve på å lytte til ideane kvarandres, å stille spørsmål, å prøve å forstå kva andre meiner, og å komme med eigne idear. I praksis er det rett og slett ei øving i å vere medborgarar i eit demokrati.
Fra læreplan til praksis med MatteLIST
Matematikksenteret har utvikla ei nettside som i dag inneheld nærare 500 LIST-aktivitetar: Mattelist.no. Her finn du aktivitetar som er utvikla for å skape betre forståing og større engasjement i matematikk. Mattelist.no er laga for både elevar og lærarar, og fleire av aktivitetane inneheld lærarrettleiingar som kan støtte arbeidet med å ta i bruk undersøkjande undervisning, og å rettleie elevane. På nettsida finn du også eit læreplankart, der vi har kopla nokre av oppgåvene til kompetansemåla i læreplanen.
Kenguruoppgåver: Gode problemløysingsoppgåver
Problemløysing står heilt sentralt i ny læreplan. Kenguruoppgåver kan brukast i undervisninga og er spesielt eigna for problemløysing, samarbeid og diskusjon. Ved å arbeide med desse oppgåvene kan elevane få større forståing for sentrale matematiske idear. Erfaringane frå éi oppgåve kan førast vidare, blir utvikla, og kanskje blir utfordra i neste oppgåve.
Her finn du hundrevis av kenguruoppgåver
Her er dei nyaste kenguruoppgåvene!
Tips til korleis du kan jobbe med utviding av kenguruoppgåver
Utforsk med GeoGebra
GeoGebra er eit gratis, dynamisk matematikkprogram for å konkretisere og visualisere mellom anna geometri, algebra, funksjonar og statistikk. Programmet gir elevane høve til å utforske matematiske samanhengar og å bruke erfaringane dei har fått til å utvikle ei fleksibel og robust forståing av matematikk. I samarbeid med Kikora har vi utvikla to typar undervisningsopplegg, Lær GeoGebra og Bruk GeoGebra. Alle undervisningsopplegga består av oppgåverekkjer som elevane arbeider med på Kikora si plattform og tilhøyrande lærarrettleiingar som ligg på Matematikksenterets nettsider.
Dei gratis ressursane på matematikksenteret hos Kikora
GeoGebra i Realfagsløyper
Digitale kurs og foredrag om GeoGebra
Etter- og vidareutdanning
HHar du lyst til å lære meir om ambisiøs/undersøkjande undervisning, LIST-oppgåver og problemløysing? Etter- og vidareutdanningstilbodet på matematikksenteret er basert på kjerneelementa i matematikk, og er spesialdesignet for å fremje læringa til lærarane.
Realfagsløyper: Kompetanseutvikling tilpassa ny læreplan
Realfagsløyper er ei samling kompetanseutviklingspakkar som handlar om korleis vi kan undervise i matematikk for å gjere elevar i stand til å utvikle metodar og tenkjemåtar som fremjar større forståing for faget. Pakkane er skreddarsydde for kompetanseutvikling i lærarkollegium.
MAM: Etterutdanning basert på kjernelementene
Mestre Ambisiøs Matematikkundervisning (MAM) er ei etterutdanning som vektlegg kjerneelementa i matematikk, og er spesialdesignet for å fremje læringa til lærarane.
Elevar som presterer lågt
Kompetanseutviklingspakkar for lærarar i skulen og tilsette i PPT som skal bidra til å styrkje kompetanse og samarbeid rundt elevar som presterer lågt i matematikk.
Yrkesfag: Relevant og motiverande matematikk
Kompetansepakkar som støttar leiarar og lærarar til å gjere matematikkfaget meir relevant og motiverande for elevar på yrkesfag
Matematikksenterets rolle
Målet på matematikksenteret er å bidra med kompetanse og tilby oppdaterte ressursar som vil støtte lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar i endringsarbeidet. Vi har jobba ei god stund med å utvikle nytt og tilpasse eksisterande innhald til det nye planverket, og samla sett utgjer dette nyttige verktøy for å sikre best mogleg kvalitet i matematikkfaget.