Utematematikk

Flaskebowling
Korleis leggja til rette for god matematikkundervisning utandørs?

Når opplæringa blir flytta utandørs gir det rom for variasjon mellom anna ved å kombinera rørsle, fysisk aktivitet og læring i matematikk. Det kan også opne for kreativ tenking og mange spennande diskusjonar. Men utematematikk i seg sjølv gir ingen garanti for at læring skjer. For at læringsutbyttet hos elevane skal bli størst mogleg, er det nødvendig å knyta uteaktiviteten saman med for- og etterarbeid. Erfaringane til den enkelte eleven ute må knytast til det faglege innhaldet og målet for opplæringa.

Les meir om utematematikk

  Ressurs Kva lærer elevane?
 

Bowling

Bowling kan gjennomførast med ulike faglege mål. Filmen viser døme på korleis elevane bruker tala og dei fire rekneartane til å til å nå eit måltal.

Målgruppe: Alle

 

Skritt og fot

Aktiviteten eignar seg til å introdusera variabelomgrepet og symbolsk algebra. Elevane blir utfordra på å utrykke ei hending dei sjølv er med på, eigne ord og symbolsk.

Målgruppe: Mellomtrinn og Ungdomstrinn

 

Frå hjørne til hjørne

Frå hjørne til hjørne

Elevane kan utforske samanhengen mellom talet på flote og storleiken til eit rutenett og/eller lage ein algoritme som trinnvis beskriv rørslene i rutenettet.

Målgruppe: Alle

  Hannes blomsterbed

Hannes blomsterbed

I denne aktiviteten får elevane erfaringar med brøkomgrepet. Elevane skal løyse eit problem som omhandlar å finne brøkdelen av ein hæl.

Målgruppe: Mellomtrinn og ungdomstrinn.

 

Strikkhopp med Barbie

Elevane skal berekne kor mange strikk som trengst når Barbie skal hoppe i strikk frå ei gitt høgde. Oppgåva er ein matematisk modelleringsaktivitet og elevane må ta stilling til fleire variablar undervegs i arbeidet.

Målgruppe: Mellomtrinn og ungdomstrinn

  kongler2.jpg

Kongler

Elevane skal samle og gruppere kongler (eller liknande) etter gitte opplysningar. Dei skal forklare og argumentere for strategiane dei bruker og løysingane dei finn.

Målgruppe: Mellomtrinn og ungdomstrinn

  Sirkel av personfigurer i forskjellige farger

Kor kan det vere?

Elevane skal plassere seg sjølv på stader ut frå instruksjonar frå læraren. Elevane skal få erfaring med og forståing av geometriske stader ved å bruka kunnskapar om sirkel, midtnormal, parallelle linjer og avstandar.

Målgruppe: Alle

  Måleinstrumenter

Matematikkolympiade

Gjennom varierte aktivitetar får elevane praktiske erfaringar med måling. Aktivitetane inneber mellom anna å måle og samanlikne storleikar som gjeld tid, lengde, areal og volum.

Målgruppe: Alle

  Tegning av smilende barn i rekke.

Lang, lang linje - statistikk med kroppen

Elevane får bruka seg sjølv som konkretar når dei skal samle inn data, lage søylediagram og kurvediagram, regne gjennomsnitt, finne typetal og median.

Målgruppe: Mellomtrinn og ungdomstrinn

  Fire elevar - to ulike avstandar

Fire elevar - to ulike avstandarr

Problemløysing og utforsking. Elevane skal bruke kunnskapar dei har om geometriske former til å utforske avstandar mellom punkt og linjer i ulike figurar.

Målgruppe: Mellomtrinn og ungdomstrinn

 

Rektangel av tråd

Trådfirkantar

Oppgåva har ei praktisk tilnærming og er ein god måte å forsterke kunnskap om eigenskapar til firkantar på. Ved å arbeide i grupper får elevane høve til å løyse oppgåva i samarbeid med andre, og det kan bli verdifulle diskusjonar.

Målgruppe: Passer for barnetrinn

  Barn med boksar

Gjett innhaldet i boksane

Gjennom å observere og utforske (rise på, lytte, vege) boksane, skal gruppene prøve å resonnere seg fram til kva boksane kan innehalde. Elevane må bruke omgrep for å samanlikne storleikar på dei ulike boksane og beskrive innhaldet.

Målgruppe: Småtrinn

  Barnehand med Y-forma kvist

Jakta på bokstavar og talsymbol i naturen

I denne aktiviteten får barna utforske talsymbol og bokstavar i naturen. Dei får også erfare at tala kan representerast på ulike måtar.

Målgruppe: Småtrinn

  Barn med fem spader

Jakta på mengda 5

Formålet med aktiviteten er at barna samlar 5-mengder av ulike ting og deretter reflekterer over kva som er likt og ulikt med dei ulike mengdene. Barna kan vidare bli oppmuntre til å reflektere over korleis dei representerer mengda 5, og om dei kjenner igjen ei slik mengde utan å telle (simultanoppfatning).

Målgruppe: Småtrinn

 

Utematematikk for dei yngste

Inspirasjonsfilmer:

Målgruppe: Passar for barnehage og småtrinn

  Is på ei strand

Å finne vegen på tur

Denne aktiviteten kan de gjennomføre når de er på veg til eit kjent turmål. For å utvikle orienteringsevna si må barna få tid og høve til å finne fram sjølv.

Målgruppe: Barnehage og småtrinn

 

  Veiestasjon

Sjå den minste er tyngst!

Byrj aktiviteten med å lage ein vegestasjon saman med barna ute i skogen eller i fjøra. La barna utforske vekta de har laga, ved å setje naturmateriale på kvar side av ho og sjå kva som skjer.

Målgruppe: Barnehage og småtrinn

  Barn holder kongle

Fantasidyr

Aktiviteten startar med at de saman finn steinar, tong, skil, pinnar og anna naturmateriale de lett får tak i. Oppmuntre barna til å setje ord på dei ulike materiala og eigenskapane deira.

Målgruppe: Barnehage og småtrinn

  Barn ser rundt gjerde

Kva ser du?

Denne aktiviteten leikar de utandørs. Det er ein variant av “Kims leik” der barna skal leite etter endringar i omgivnadene.

Målgruppe: Barnehage og småtrinn

  Kongler på rad

Lag ei utstilling ute

Ta med barna på tur, og be dei velje seg noko som dei skal samla på medan de går, til dømes steinar, skil eller kongler.

Målgruppe: Barnehage og småtrinn

  Barn på sparkesyklar

Sykling med tidtaking

Barn liker ofte å sykle ute i barnehagen. Dei utfordrar seg sjølv med både fart og vanskelege ruter. Du kan berike denne typen leik med erfaringar med tid ved å tilby barna timeglas eller stoppeklokke.

Målgruppe: Barnehage og småtrinn

  Barn hopper over hinder

Eg gjekk ein tur på stien

Denne aktiviteten passar å gjere i uterommet på tur eller ved barnehagen. Be barna samle saman materiale og lage ein samanhengande sti med byrjing og slutt.

Målgruppe: Barnehage og småtrinn

 

Matematikk.org

Idear til matematikkdag

La elevane planleggje og arrangere ein matematikkdag for dei andre klassane på skulen. Involver andre fag og nytt dykk av store fellesareal, gymsalar og uteområde.

Målgruppe: Alle