Gjett innhaldet i boksene
Hensikt
Få erfaringar med å utforske, observere, beskrive, resonnere, samanlikne og lage hypotesar.
Du treng
- Plastboksar eller ekser i ulike storleik og form
- Objekt som kan leggast i boksane. Dei bør ha ulik vekt, storleik og materiale, slik at dei oppfører seg forskjellig inni boksen når du flyttar på boksen (for eksempel stein, blad, pinnar, kongler, barnål, binders, makaroni, knappar)
- Det er supert å bruke ting som heng saman med eit tema de har jobba med eller skal i gang med
Aktiviteten
Stikkord
Utforske, observere, beskrive, resonnere, lage hypotesar, grunngi, samanlikne
Aktivitet
Del elevane i grupper på 3-4 elevar. Kvar gruppe får ein eller fleire boksar med hemmeleg innhald. Gjennom å observere og utforske (riste på, lytte, veie) boksane skal gruppene prøve å resonnere seg fram til kva boksane kan innehalde. Først skal dei lage hypotesar berre ut frå observasjonane sine. Deretter kan du gi dei nokre ulike alternativ til mogeleg innhald som de vurderer, og som de brukar til å formulere nye hypotesar. Du kan også la dei ulike elevgruppene velje innhald i boksar som andre grupper skal gjette. La elevane under seg og begrunne sine resonnement:
- Kor storter det som er inni boksen?
- Kor mange ting trur de det er inni boksen?
- Kva kan det vere i boksen?
- Kva trur du det er i boksen?
Elevane må bruke omgrep for å samanlikne stoleikar på dei ulike boksane og beskrive innhaldet. Relevante omgrep er større, høgare, lengre, kortare, tyngre, lettare, breiare, smalare.
Elevane erfarer måleeiningar når dei legg merke til at det går fleire objekt i boksen dersom kvart objekt er mindre, og færre objekt i boksen dersom objekta er større. Elevane møter samanhengen mellom einingar og talet som strengst for å fylle opp eit volum.
Elevane møter og brukar omgrep knytta til form når dei beskriv boksane. Somme er runde som ein sylinder, somme er forma som ein kube, og nokre er kanskje som eit firkanta prisme.
Elevane beskriv det dei trur er inni boksen. Da er omgrep som rund, tung, lett, mjuk, hard, mange, få, kantete og avlang nyttige.
Elevane må prøve å finne ut kor mange objekt det er i boksen. De møter da tal som talet på kor mange. Kan det vere berre ein? Eller kanskje to eller tre? Eller kanskje hundre?
Når de åpnar boksen kan barna sjå direkte kor mange det er, dersom det ikkje er så mange i boksen. Er det mange objekt i boksen må ungane telje for å finne ut kor mange det er.
Rammeplanmål/Kompetansemål
- Barnehage
- Grunnskole
- Kompetansemål etter 4. trinn
- bruke ikkje-standardiserte måleiningar for areal og volum i praktiske situasjonar og grunngi valet av måleining
- Kompetansemål etter 3. trinn
- beskrive likskap og ulikskap i samanlikning av storleikar, mengder, uttrykk og tal og bruke likskaps- og ulikskapsteikn
- Kompetansemål etter 2.trinn
- ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar
- utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane
- utforske, teikne og beskrive geometriske figurar frå sitt eige nærmiljø og argumentere for måtar å sortere dei på etter eigenskapar