Jakta på mengden 5

Jakten på mengden 5

Hensikt

Telje, sortere, kategorisere, observere, samanlikne, representere, forklare, begrunne.

Barna får møte mengda «fem» på ulike måtar og erfare at mengder med fem objekt kan sjå forskjellig ut, sjølv om det er like mange i alle.

Aktiviteten

Del elevane i par eller grupper og be dei lage femmarmengder. Elevane kan velje sjølv om dei vil samle like gjenstandar (for eksempel fem steinar, fem kongler, fem skjel, fem blad, fem pinnar) i mengda si, eller blande ulike gjenstandar. Deretter organiserer elevane mengda si slik dei sjølv ønsker. Dei kan spreie gjenstandane utover, legge dei tett i tett, organisere dei som på terningen, legge dei i sirkel , legge dei på linje osv.

I diskusjonen me d elevane må de fokusere på kardinaltalet i kvar mengde og samtale om korleis femmar mengdene er like og ulike. De kan samanlikne gjenstandane i kvar mengde (her er det tre store blad og to små skjel), eller samanlikne gjenstandane mellom mengder (her er det fem små steinar tett i tett og der er det fem store bilar på parkeringsplassen – det er like mange).

Still spørsmål som:

  • Korleis kan vi sjå at det er fem i denne mengda?
  • Er det nokon som ser det på ein annan måte?
  • Kva er likt for ulikt med gjenstandane i mengda?
  • Korleis kan det vere fem både her... og der...?
  • Korleis kan du legge gjenstandane dine slik at det er lett å sjå kor mange det er?

Oppsummert:

Det er altså like mange i to femmarmengder som om objekta i den eine er større eller mindre enn i den andre, eller gjenstandane i den eine er spreidd utover eit større område, eller gjenstandane i dei to mengdene er organisert forskjellig. Å forstå at «like mange» inneber at barna abstraherer frå tinga sjølv og berre ser på kor mange det er (kardinaltalet) i mengda. Talet på kor mange det er lik, sjølv om gjenstandane ikkje er like.

Rammeplanmål/Kompetansemål

Gjennom arbeid med antall, rom og form skal barnehagen bidra til at barna..
leker og eksperimenterer med tall, mengde og telling og får erfaring med ulike måter å uttrykke dette på
  • Barnehage
  • Grunnskole
    • Kompetansemål etter 2.trinn
      • ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar, samanlikne dei og reflektere over om dei kan ordnast på fleire måtar
      • utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur, representere tala på ulike måtar og omsetje mellom dei ulike representasjonane