Hanne sitt blomsterbed
Hensikt
Elevane får erfaringar med omgrepet brøk. Elevane skal løyse eitt problem som handlar om å finne brøkdelen av ein heil.
Du treng
Kritt, tau, eller tape og pinnar til å lage eit rektangel i litt stort format ute.
Rektanglet kan også teiknast i sand.
Kongler, pinnar, steinar, blad eller liknande som kan representere blomstrane i blomsterbedet.
Aktiviteten
Lag eit stort rektangel som skal førestille omrisset til eit blomsterbed. Finn kongler, pinnar, steinar, blad eller liknande som skal representere dei enkelte blomstertypane i bedet. Elevane skal arbeide i par eller små grupper og dele blomsterbedet etter følgande opplysningar:
- Det skal vere tulipanar i halve blomsterbedet.
- I tre firedelar av resten av bedet skal det vere snøklokker.
- Det skal vere pinseliljer i halvparten av det som er att.
- I resten av bedet skal det vere påskeliljer.
I kor stor del av heile blomsterbedet er det påskeliljer?
Korleis tenkte de da de delte inn blomsterbedet i dei ulike områda?
Er det nokon som tenkte annleis?
Kva er likt og kva er ulikt i dei ulike beda?
Elevane skal forklare og begrunne løsningane sine for dei andre gruppene.
Lærarrettleiing
Forarbeid:
Elevene bør ha arbeidd med omgrepet brøk før dei gjer aktiviteten.
Finn fram nødvendig utstyr og vel eit uteareal som passar til aktiviteten.
Gjennomføring av aktiviteten:
Elevane arbeider i par eller små grupper.
Kvar gruppe lagar eit rektangel som representerer blomsterbedet ved hjelp av kritt, tau eller pinnar og tape. Rektanglet kan også teiknast i sand. Elevane skal følge instruksjonane i oppgåva, plassere «blomster» i dei ulike delane, og finne ut kor stor del av heile blomsterbedet som kan brukast til påskeliljer. Elevane skal forklare og grunngi løysningane sine.
Eksempel på løysning:
Etterarbeid inne:
Elevane skal arbeide i dei same gruppene som ute. Dei skal lage ei teikning av bedet dei lagde, og skrive namn på blomstrane i dei ulike områda.
Kor stor del av bedet er tulipanar, snøklokker, pinseliljer og påskeliljer?
Korleis kan du skrive det?
Eksempel på måte å skrive det på:
Tulipanar: `(1)/(2)` bed
Snøklokker: `(3)/(4)` av `(1)/(2)` bed = `(3)/(8)` av heile bedet
Pinseliljer: `(1)/(2)` av `(1)/(8)` bed = `(1)/(16)` av heile bedet.
Påskelinjer: `(1)/(16)` av heile bedet.
Områda til tulipanar, snøklokker og pinseliljer blir til saman: `(3)/(8)` + `(1)/(16)` = `(8)/(16)` + `(6)/(16)` + `(1)/(16)`= `(15)/(16)`
Området til påskeliljene blir `(16)/(16)` -`(15)/(16)` = `(1)/(16)` av heile blomsterbedet.
Utviding/endring av oppgåva:
1) Endre spørsmålet: Kor mange prosent av blomsterbedet er påskeliljer?
Vise og forklare svaret ut frå blomsterbedet dei har laga (figuren)
Symbolsk:
Påskeliljer: `(16)/(16)` -`(15)/(16)` = `(1)/(16)` og `(1)/(16)` = 0,0625 = 6,25 %
Diskuter samanhengen mellom brøk og prosent.
2) Endre alle opplysningar i oppgava til prosent i staden for brøkdelar.
Rammeplanmål/Kompetansemål
- Grunnskole
- Kompetansemål etter 8. trinn
- lage og forklare rekneuttrykk med tal, variablar og konstantar knytte til praktiske situasjonar
- Kompetansemål etter 7. trinn
- utvikle og bruke formålstenlege strategiar i rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare tenkjemåtane sine
- Kompetansemål etter 6. trinn
- formulere og løyse problem frå sin eigen kvardag som har med desimaltal, brøk og prosent å gjere, og forklare eigne tenkjemåtar
- Kompetansemål etter 5. trinn
- utforske og forklare samanhengar mellom brøkar, desimaltal og prosent og bruke det i hovudrekning
- utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med positive tal og brøk og forklare tenkjemåtane sine
- formulere og løyse problem frå eigen kvardag som har med tid å gjere