Matematikkolympiade - måling
Hensikt
Få praktiske erfaringar med måling gjennom blant anna å måle og samanlikne storleikar som gjeld tid, lengde, areal og volum.
Olympiaden innbyr til at elevane jobbar i grupper og kan beskrive og samtale om korleis dei kjem fram til løysingar, strategiar og resultat.
Du treng
Til kvar elev: blyant og svarark
Informasjonskort til dei ulike postene
Utstyr til de ulike postene:
- Post 1: taug, kvadratmeter, måleband
- Post 2: 4-5 bocciakuler og ei lita kule, eventuelt ballar eller erteposar.
- Post 3: små, blanke plastposar, liter eller halvlitersmål, vasstank/kran eller bøtte med vatn
- Post 4: målband
- Post 5: stoppeklokke
- Post 6: stoppeklokke
- Post 7: kvadratmeter, store figurar med ulikt areal (dusjforheng/voksduk/gråpapir eller liknande) og tusj til å sette namn på figurane
Aktiviteten
Dette er ein matematisk olympiade med sju postar som handlar om måling. Olympiaden foregår ute. Elevane arbeider i grupper og gjennomfører alle sju postane i gruppene. Bli samde om reglane på førehand. Gruppene kan starte på kvar sin post og gå vidare til neste post når dei er ferdige. Dersom det er ei gruppe på posten de kjem til, må de vente eller gå vidare til neste post. De kan også velje at alle gruppene med lærar gjer kvar post samstundes. Dette kjem an på talet på elevar og lærarar, utearealet og tilgang på utstyr. Det passar godt å ha ein lærar tilstade på post 6.
Kvar elev eller gruppe fyller ut eit svarark (vedlegg 1). Svararket dannar grunnlag for oppsummering i plenum når de har gjennomført olympiaden.
Lærarrettleiing
Kort informasjon om kvar post.
Post | Aktivitet | Tema og informasjon | Utstyr |
1 | Størst mogeleg flate |
Areal Post: |
8 m tau Kvadratmeter Målband |
2 | Fulltreffar |
Lengde (m, dm, cm) Post: |
4 – 5 bocciakuler og ei lita kule |
3 | Halvliter`n |
Volum (desiliter) Post: |
3 posar per gruppe, liter eller halvlitermål, vanntank/kran eller bøtte. |
4 | Kor langt? |
Lengde (m, dm, cm) Læraren har på førehand markert punktene A og B. Post: |
Målbånd til læraren når A og B skal plasserast ut. |
5 | Kor lenge er eitt minutt? |
Tid (minutt, sekund) Post: Elevane på gruppa tek eitt skritt fram når dei meiner det har gått eiitt minutt. Finn differansen mellom tida og eitt minutt. Summer alle differansene i gruppa. Det er om å gjere å få lågast mogeleg sum. |
Stoppeklokke |
6 | Presisjons-stafett |
Tid (minutt, sekund) Post: Læraren skriv ned differansen mellom tida gruppa brukar og tre minutt på svarkortet. |
Stoppeklokke |
7 | Kva har størst areal? |
Areal På førehand har læraren klipt ut figurar i gråpapir, voksduk, dusjforheng eller liknande som er lagt ut på posten. Sett namn på figurane (A, B, C osv). Post: Skriv bokstavane på figurane i rekkefølgje, frå minst til størst areal. |
Kvadratmetermatte, figurar (ulik storleik/med ulikt areal) Geometriske figurar laga av dusjforheng/voksduk som er markert med bokstavar med tusj. |
Spørsmål som kan passe til oppsummering:
- Kva var vanskeleg? Og kva var lett? Kvifor?
- Korleis tenkte de da de løyste oppgåva?
- Sjå på dei ulike resultata – kva er likt og kva er forskjellig?
- Kva for omgrep brukte de da de samarbeidde?
- Prøvde de noko som ikkje fungerte så godt? Kva var grunnen til at det ikkje fungerte så godt og kva for endringar gjorde de?
- Er det nokon som vil seie noko om øvingane på denne posten/postane? Er det nokon som vil legge til noko?
Rammeplanmål/Kompetansemål
- Grunnskole
- Kompetansemål etter 8. trinn
- utvikle og kommunisere strategiar for hovudrekning i utrekningar
- Kompetansemål etter 6. trinn
- utforske mål for areal og volum i praktiske situasjonar og representere dei på ulike måtar
- Kompetansemål etter 5. trinn
- formulere og løyse problem frå eigen kvardag som har med tid å gjere
- Kompetansemål etter 4. trinn
- bruke ikkje-standardiserte måleiningar for areal og volum i praktiske situasjonar og grunngi valet av måleining
- Kompetansemål etter 3. trinn
- bruke ulike måleiningar for lengd og masse i praktiske situasjonar og grunngi valet av måleining
- Kompetansemål etter 2.trinn
- måle og samanlikne storleikar som gjeld lengd og areal, ved hjelp av ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar, beskrive korleis og samtale om resultata
- forklare korleis ein kan beskrive tid ved hjelp av klokke og kalender