Realfagkonferansen 2025

Nyhet
/
24.03.2025
Jente blåser såpebobler
Realfagskonferansen 2025 blir arrangert onsdag 7. mai på Gløshaugen i Trondheim. Konferansen er gratis og har relevant innhald for lærarar på alle trinn.

Realfagkonferansen er ein inspirerande fagdag for realfaglærarar på alle trinn og i alle realfag, dvs. matematikk, naturfag, teknologi og alle naturfaglege programfag i vidaregåande skule.

Innhaldsmessig følgjer konferansen eit relativt likt konsept som før. Det betyr mange parallellsesjonar slik at alle realfaglærarar, uansett trinn og fag, skal finne noko konkret og matnyttig for si eiga undervisning. I tillegg har konferansen plenumsforedrag av meir generell karakter som vi håpar vil vere både til inspirasjon og ettertanke.

Det første plenumsforedraget i år blir halde av Kari Alterskjær ved CICERO - Senter for klimaforsking, og handlar om korleis menneske påverkar skyer og klima.

Hanne Kile Andersen frå Talentsenteret ved Vitensenteret i Trondheim held det andre plenumsforedraget, som har tittelen "Undervisning for elever med høyt læringspotensial – og alle andre".

Logo: Realfagkonferansen

For meir informasjon og fleire detaljer om programmet, sjå Realfagkonferansens nettside.

Påmeldingsfrist: fredag 25.april.

Påmelding til Realfagkonferansen

Konferansen blir arrangert av Trøndelag fylkeskommune, Trondheim kommune, Naturfagsenteret, Matematikksenteret, og NTNU. Den er heilt gratis og berekna på realfaglærarar frå første trinn på barneskulen til siste trinn på vidaregåande.