Vil du bidra på Novemberkonferansen 2025?

Ein meir utforskande og praktisk skule er tenkt å bidra til betre læring, motivasjon og trivsel, og gjeld for alle elevar i heile opplæringsløpet. I år vier vi derfor Novemberkonferansen til dette temaet – og håper at mange lærarar, skuleleiarar, forskarar og andre "skulefolk" har lyst til å bidra med verkstad. Vi ønskjer bidrag frå både erfarne og "ferske" verkstadshaldarar – og verkstad som passar til alle trinn.
Vi håper du har lyst til å dele kunnskap, erfaring, praksisdøme eller forsking om temaet på Novemberkonferansen!
Aktuelle tema er:
- Døme på kva praktiske, utforskande, kreative og fysisk aktive arbeidsmåtar inneber i matematikkfaget og på alle trinn.
- Døme på matematikkundervisning som skaper samanheng mellom matematikken og verda til elevane.
- Vurderingsarbeid i utforskande og praktisk matematikkundervisning.
Vi ber om bidrag til verkstad på 80 minutt der tida hovudsakleg blir nytta til ein aktivitet, eller ein kombinasjon av presentasjon (maks 15-20 minutt), aktivitet og diskusjon. Vi legg vekt på at verkstadene må vere aktivitets- og/eller diskusjonsbaserte. Reine foredrag vil ikkje bli prioritert.
Verkstadene skal knytast opp mot konkrete læringskontekstar og matematiske tema.
I første omgang ønskjer vi:
- Skildring av kva tema bidraget ditt høyrer til.
- Forslag til tittel på verkstaden.
- Ei kort skildring av verkstaden (cirka 200 - 300 ord).
- Presisering av målgruppe (småtrinn, mellomtrinn, ungdomstrinn, vidaregåande, alle).
- Maks antal deltakarar.
- Kort presentasjon av verkstadshaldar, med bilete.
Alle som skal halde verkstad må vere førebudd på å gjennomføre verkstaden to gonger i løpet av konferansen. Dette for at så mange som mogleg skal få høve til å delta på det dei ønskjer.
Send inn forslaget ditt til konferanse@matematikksenteret.no innan 24. april 2025.
Novemberkonferansen 2025 blir arrangert 25. - 26. november på Scandic Lerkendal, Trondheim.
Kriterium
Vi får tilsendt fleire bidrag enn vi har plass til på Novemberkonferansen. Vi gjer derfor eit utval, basert på følgjande kriterium:
- Bidrag som i skildringa er tydeleg knytt til eit av temaa beskrivne ovanfor.
- Fordeling av bidrag til ulike skuletrinn.
- Fordeling mellom nye og erfarne verkstadshaldarar.
Har du spørsmål om bidrag til Novemberkonferansen? Ta kontakt med Camilla Normann Justnes.