Nettressursar om modellering i matematikk

Nyhet
/
15.10.2024
Lærar viser tre elever modellering på tavla.
Dei nye nettressursane inneheld informasjon om kva modellering i matematikk er, kva du som lærar bør tenkje på i undervisninga og dessutan idear til oppgåver du kan bruke i klasserommet.

I nettressursane finn du mellom anna:

  • Tips til over 50 modelleringsoppgåver
  • Forslag til framgangsmåte i ei modelleringsøkt
  • Tips om korleis du kan lage eigne modelleringsoppgåver
  • Informasjon om kvifor elevane bør arbeide med modellering
  • Teori og informasjon om modelleringsprosessen.

Vi håper nettressursane blir nyttige for lærarar på alle trinn!

Modellering er å bevege seg mellom to verder: Den verkelege og den matematiske

Modellering i matematikk har ei sentral rolle i LK20. Omgrepet modellering er nemnd mellom anna i kjerneelementa, i eit tverrfagleg tema og i kompetansemål for spesifikke trinn.

I denne filmen ser me korleis elevar og lærarar på 5. trinn jobber med oppgåva «Bilkø i snø».