Ny ressurs: «Matematikk i møte med føresatte»
Med LK20 kom nye kompetansemål, kjerneelement og tverrfaglege tema. Faget og undervisninga er i endring, noko som også fører til at føresette møter ein ny skule- og leksekvardag for barna sine.
Målet med «Matematikk i møte med føresette» er å gi lærarar eit verktøy som gjer det enklare å formidle kva endringane er, kvifor dei har vorte gjorde, og korleis føresette kan støtte barna sine i matematikkundervisninga.
Ressursen består av:
- Forslag til struktur på foreldremøte
- Forslag til oppgåver og aktivitetar på foreldremøte
- Informasjonsmateriale til foreldremøte
- Tips og råd til korleis føresette kan støtte barna sine i matematikk
Ein fleksibel og dynamisk ressurs
«Matematikk i møte med føresette» er eit rettleiande materiale. Det betyr at materialet kan tilpassast behovet til skulen eller klassen.