Vil du bidra på Novemberkonferansen 2025?

Nyhet
/
11.02.2025
Logo: Novemberkonferansen
Novemberkonferansen er den største årlege konferansen for matematikklærarar i Noreg. Temaet i 2025 er "Utforskande og praktisk matematikkundervisning". Har du lyst til å dele kunnskap, erfaring, forsking eller døme frå praksis om temaet? Send oss bidraget ditt!

Ein meir utforskande og praktisk skule er tenkt å bidra til betre læring, motivasjon og trivsel, og gjeld for alle elevar i heile opplæringsløpet. I år vier vi derfor Novemberkonferansen til dette temaet – og håper at mange lærarar, skuleleiarar, forskarar og andre "skulefolk" har lyst til å bidra med verkstad. Vi ønskjer bidrag frå både erfarne og "ferske" verkstadshaldarar – og verkstad som passar til alle trinn.

Vi håper du har lyst til å dele kunnskap, erfaring, praksisdøme eller forsking om temaet på Novemberkonferansen!

Aktuelle tema er:

  1. Døme på kva praktiske, utforskande, kreative og fysisk aktive arbeidsmåtar inneber i matematikkfaget og på alle trinn
  2. Døme på matematikkundervisning som skaper samanheng mellom matematikken og verda til elevane
  3. Vurderingsarbeid i utforskande og praktisk matematikkundervisning

Vi ber om bidrag til verkstad på 80 minutt der tida hovudsakleg blir nytta til ein aktivitet, eller ein kombinasjon av presentasjon (maks 15-20 minutt), aktivitet og diskusjon. Vi legg vekt på at verkstadene må vere aktivitets- og/eller diskusjonsbaserte. Rene foredrag vil ikkje bli prioritert.

Verkstadene skal knytast opp mot konkrete læringskontekstar og matematiske tema.

I første omgang ønskjer vi:

  • Skildring av noko som tema bidraget ditt høyrer til
  • Forslag til tittel på verkstaden
  • Ei kort skildring av verkstaden (cirka 200 - 300 ord)
  • Presisering av målgruppe (småtrinn, mellomtrinn, ungdomstrinn, vidaregåande, alle)
  • Maks talet på deltakarar
  • Kort presentasjon av verkstadshaldar, med bilete

Alle som skal halde verkstad må vere førebudd på å gjennomføre verkstaden to gonger i løpet av konferansen. Dette for at så mange som mogleg skal få høve til å delta på det dei ønskjer.

Send inn forslaget ditt til konferanse@matematikksenteret.no innan 24. april 2025.

Novemberkonferansen 2025 blir arrangert 25. - 26. november på Scandic Lerkendal, Trondheim. 

Kriterium

Vi får tilsendt fleire bidrag enn vi har plass til på Novemberkonferansen. Vi gjer derfor eit utval, basert på følgjande kriterium:

  • Bidrag som i skildringa som er tydeleg knytt til eit av temaa beskrivne ovanfor
  • Fordeling av bidrag til ulike skuletrin
  • Fordeling mellom nye og erfarne verkstadshaldarar

Har du spørsmål om bidrag til Novemberkonferansen? Ta kontakt med Camilla Normann Justnes.