Vil du lære mer om praktisk og engasjerende matematikkundervisning? Bli med i Enact i 2025/26!
Kva betyr det å delta i Enact?
► I Enact får du tilgang til 8 gratis, digitale kompetanseutviklingspakkar med forskingsbasert kunnskap om praktisk, variert og engasjerande matematikkundervisning. Pakkane er utvikla av Matematikksenteret.
► Kvar kompetansepakke består av 3 økter á 40–60 minutt:
- 1 økt der du og ein kollega reflekterer over korleis de jobbar i dag
- 1 økt med lettfatteleg og engasjerande fagstoff og forslag til oppgåver til utprøving i eiga undervisning
- 1 økt der de reflekterer saman etter utprøvinga
► Når du har gjennomført alle 8 modulane, har du høve til å ta eksamen og dermed få 15 studiepoeng på masternivåi emna «Praktisk, engasjerande og variert matematikkundervisning»
► Du vil få tilgang til 4 modular hausten 2025 og 4 modular våren 2026
► Skulen forpliktar seg til å la dykk jobbe med desse pakkane i utviklingstida av skulen/trinntid
Deltakarane blir delte inn i fire grupper under ulike vilkår. Les meir om kva det inneber å vere med i Enact hos Universitetet i Stavanger.
Enact har som mål å undersøkje korleis undervisningspraksisar kan bidra til å skape eit større engasjement for matematikkfaget. Matematikksenteret rolle er å utvikle matematikkressursane som inngår i prosjektet. Vi leiter etter 120 norske skular som vil delta.
Dette vil du lære:
Matematikklærarar som deltek i Enact får tilgang til 8 gratis, digitale kompetansepakkar i løpet av skuleåret 2025/26.
Kompetansepakkane tek for seg ulike emne som har noko å seie for engasjementet til elevane i matematikkundervisninga, presentert på ein effektiv og engasjerande måte, og tilpassa norske klasserom.
Alt innhald er forskingsbasert, praksisnært og tilpassa læreplanen.
Du får også tilgang til ein oppgåvebank, slik at du kan tilpasse innhaldet i kvar pakke til det de til kvar tid jobbar med i klasserommet.
Tema du vil lære meir om:
► Kva kjenneteiknar gode matematikkoppgåver som engasjerer elevane?
► Korleis kan du introdusere matematikkoppgåver på ein måte som gjer elevane interesserte?
► Korleis kan du svare på elevspørsmål og gi tilbakemeldingar som gjer at elevane ikkje gir opp?
► Korleis kan du leggje til rette for aktive heilklassesamtalar der elevane set ord på eiga tenking?
► Korleis kan du bruke feilsvar som ein ressurs i undervisninga?
► Korleis kan du representere den matematiske tenkinga til elevane og analysere elevars matematiske representasjonar?
► Korleis kan du leie eleven mot det matematiske målet du har sett for matematikkundervisninga?
Kompetansepakkane er utvikla av Matematikksenteret i samarbeid med prosjektgruppa i Enact.
Sjå film om Enact:
Påmelding
Påmeldingsskjema finn du på Enact sin nettstad.
Spørsmål kan rettast til lesesenteret@uis.no
Ved å vere med på denne forskinga vil de lære meir om engasjerande undervisning, og gi eit viktig bidrag til lærarar og elevar i heile Noreg.
Vi er veldig klare for å gå i gang, og det håpar vi de også er!