ADAPTvurder - digitale vurderingsvektøy for betre læring
Matematikksenteret jobbar i samarbeid med Utdanningsetaten i Oslo kommune, Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger og Inspera, med utviklings- og forskingsprosjektet ADAPTvurder. Prosjektet omhandlar adaptive prøver, og skal utvikle prøver i grunnleggjande ferdigheiter i lesing og rekning for elevar på 3. trinn. Det er gitt midlar frå Forskingsrådet til prosjektet, og Matematikksenteret har fått i oppdrag å utvikle prøva i rekning.
Adaptiv vurdering og læring
Skoleeiere, skuleleiarar og lærarar har etterlyst eit vurderingsverktøy som gir meir presis informasjon om ferdigheitsnivået blant elevane, enn det dagens prøver gir. I motsetning til eksisterande (lineære) prøver for den aktuelle aldersgruppa, skal ADAPTvurder gi informasjon om ferdigheitsnivået til alle elevane; frå dei som viser under forventa progresjon og til dei som viser over forventa progresjon i lesing og rekning.
I ei adaptiv prøve vil oppgåvene eleven møter, kontinuerleg blir bestemd ut frå korleis eleven svarer på oppgåvene han eller ho får undervegs i prøva. Prøva blir på denne måten tilpassa kvar enkelt elev sitt kunnskaps- og ferdigheitsnivå. Elevar med ulik kompetanse vil få ulike oppgåver. På den måten vil prøva vere med på å gi alle elevar ei oppleving av både meistring og utfordring i prøvegjennomføringa. Når oppgåvene elevane møter er nært knytt til deira ferdigheitsnivå, slepp dei å bruke tid på oppgåver som anten er alt for enkle eller altfor vanskelege. Oppgåvene skal også vere med på å fange opp eventuelle misoppfatningar eller typiske feil, slik at lærarane kan bruke denne informasjonen til å tilpasse undervisninga framover.
Utvikling i prosjektet
For å sikre at oppgåvene oppfyller dei krava vi stiller, og at prøvene til slutt bidreg til å nå målet for prosjektet, er det viktig at oppgåvene blir prøvde ut i fleire omgangar.
Den første utprøvinga av oppgåver vart gjennomført hausten 2019. Då fekk elevane ulike oppgåvesett med varierande vanskegrad som var sett saman av oss ved Matematikksenteret. Den andre utprøvinga som vi gjennomførte vinteren 2020 var delvis adaptiv. I det legg vi at elevane som presterer høgt og lågt i første halvdel av oppgåvesettet, fekk eit oppgåvesett som var betre tilpassa ferdigheitsnivået sitt i den siste halvdelen. Elevane merka ikkje at oppgåvesettet endra vanskegrad, og vi fekk positive tilbakemeldingar frå lærarar om denne delvis adaptive prøva.
Årets utprøving er ei fulladaptiv utprøving, der dei fem første oppgåvene er felles for alle. Etter at ein elev har svart på desse oppgåvene, blir dyktigheita berekna til eleven og eleven får nye oppgåver som har ei vanskegrad som ligg rundt den berekna dyktigheita til eleven. Denne prosedyren blir gjenteken vidare for kvar tredje oppgåve fram til eleven er ferdig med prøva. Ei fulladaptiv prøve inneber at elevopplevinga vil vere tilnærma lik, uavhengig av ferdigheitsnivået til eleven.
Kvifor utprøving er viktig
Dei to første utprøvingane i prosjektet hadde som hovudhensikt å undersøkje om oppgåvene vi hadde utvikla hadde god nok kvalitet til å kunne måle rekneferdigheita til elevane, og dessutan å få fastsett vanskegrada til oppgåvene.
Formålet med den kommande utprøvinga er å sjå om den adaptive prøva fungerer som tiltenkt. Vil elevane få oppgåver som er tilpassa ferdigheitsnivået sitt, og har vi nok oppgåver til at alle elevar får oppleve både meistring og utfordring i prøvesituasjonen, er to viktige spørsmål vi stiller oss.
Sjå filmen med invitasjon til lærarar om å melde seg på utprøving:
Utvikling av støttemateriell til lærarar
Parallelt med utvikling og utprøving av oppgåver har vi også jobba med å utvikle støttemateriell til lærarar. Her har vi hatt ei gruppe med lærarar som har hjelpt oss med å utvikle og teste ut materiellet. Ein liten del av dette støttemateriellet blir send til skulane i etterkant av at utprøvinga er gjennomført og vi har analysert resultata.
Har du spørsmål om ADAPTvurder? Ta kontakt med prosjektleiar Olav Dalsegg Tokle.