INCLUSCHOOL: Ny kunnskap om inkludering

Logo til INCLUSCHOOL
Korleis opplevast inkludering? Blir det oppfatta og praktisert ulikt av elevar, lærarar og andre tilsette i skulen?

Studiar viser at det er få moglegheiter for at stemmene til elevane blir høyrde når det gjeld inkludering. Målet med forskingsprosjektet INCLUSCHOOL er å identifisere både barrierar og moglegheiter for dette, og å utvikle ny kunnskap om inkludering og inkluderande praksisar i skulen.

Matematikksenteret si rolle i prosjektet er å undersøkje korleis elevar inkluderer kvarandre når dei samhandler i matematikk, og korleis lærarar kan leggje til rette for at elevane blir ein ressurs for kvarandre (Arbeidspakke 2 i INCLUSCHOOL). 

Forskarane skal analysere samtalar mellom tre ulike lærarar og elevane deira for å identifisere ulike interaksjonsmønster og moglegheiter elevane har for å nå fram med erfaringane og stemmene sine. Prosjektet har eit spesielt søkjelys på fleirspråklege elevar.

– Vi skal sjå nærare på korleis dei fleirspråklege elevane blir inkluderte i klasseromssamtalar om matematikk. Utgangspunktet vårt er at samtalar mellom elevar og lærarar gjerne er «asymmetriske», noko som mellom anna kjem av forskjellar i alder, utdanning og rolle, seier Camilla Normann Justnes, førstelektor ved Matematikksenteret NTNU.

I prosjektet samarbeider ho tett med Irmelin Kjelaas frå institutt for lærereutdanning ved NTNU og Patrick Stefan Kermit frå institutt for psykisk helse ved NTNU.

Om Incluschool

Forskningsprosjektet INCLUSCHOOL skal utvikle ny kunnskap om inkludering og inkluderande praksisar i skulen.

Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet. Samarbeidspartnarar er Trondheim kommune, Mobbeombudet i Trøndelag, NTNU Samfunnsforskning og Barneombodet.

Prosjektleiar er Marit Uthus, Institutt for lærarutdanning, NTNU

Les meir om prosjektet