DiCoTe: Forsking på digital kompetanse i barnehagen
Forskingsrådet har tildelt 12 millionar kroner til forskingsprosjektet DiCoTe (Increasing professional Digital Competence in ECTE with focus on enriching and supporting children's play with coding toys). Midlane kjem frå Forskingsrådets satsing på å utvikla ny kunnskap og byggja forskingskompetanse som er nødvendig for å møte viktige samfunnsutfordringar.
Forskingsprosjektet skal resultere i utvikling av ressursar som skal gi nødvendig kompetanse i bruk av digitale verktøy. Desse skal piloterast i barnehagelærarutdanningane ved Universitetet i Stavanger (UiS) og Dronning Mauds Minne (DMMH).
Tett samarbeid med barnehagelærarutdanningane og praksisfeltet
Prosjektet er eit samarbeid mellom forskingsmiljø ved UiS, NTNU, Høgskulen på Vestlandet, Aalborg Universitet, DMMH, Matematikksenteret og Vitenfabrikken. I tillegg skal ni barnehagar og tolv barnehagelærarar frå kommunane Melhus, Røros og Sandnes samarbeide med forskarteamet.
DiCoTe er leidd av Francesca Granone og Elin Reikerås frå FILIORUM – Senter for barnehageforsking og Institutt for barnehagelærarutdanning ved Universitetet i Stavanger (UiS).