Forskingsprosjekt: Ny kunnskap om matematisk argumentasjon i barnehagen

To gutter i barnehagealder som bygger tårn av treklosser
Korleis argumenterer dei eldste barna i barnehagen matematisk, og kva hjelpar eller hindrar dei?

Målet med forskingsprosjektet «Matematisk argumentasjon i barnehagen» er å få ei djupare innsikt i korleis dei eldste barnehagebarna tek i bruk matematisk språk og kommunikasjon, og i kva kontekstar dei kommuniserer matematisk.

Barnehagar i Trondheim og Oslo blir inviterte til å delta i studien. Ved å observere og filme barn i sine vante leikeomgivnader skal forskarane mellom anna sjå på korleis barna forklarer sine eigne, og vurderer andre barns matematiske idear. Her er nokre av spørsmåla forskarane håpar å få svar på:

• Når oppstår matematisk argumentasjon i barnehagekvardagen?

• Kva kjenneteiknar den matematiske argumentasjonen til barna i ulike situasjonar?

• Kva fremjar og hemmar matematisk argumentasjon i ulike situasjonar?

Studien byggjer på teoriar om korleis barn utviklar språk og tenkjer matematisk.

Prosjektet starta i 2023 og blir avslutta i 2029. Det er Matematikksenteret som finansierer prosjektet.

Prosjektdeltakarar:

Mona Nosrati (prosjektleiar)

Beate Nergård

Kjersti Wæge