Utematematikk: Aktivitet, leik og læring!

Nyhet
/
22.05.2020
Elevar kaster ei metallkule på plastikkflasker utendørs
Skulegarden og nærmiljøet som læringsarena eignar seg godt til utforskande, praktiske og problemløysande oppgåver. Med utematematikk kan du skape variasjon i skulekvardagen både når det gjeld læringsarenaer, arbeidsmåtar, læremiddel og organisering.

Utematematikk betyr at arbeid med det faglege innhaldet blir flytta ut i nærmiljøet. På ein praktisk og enkel måte kan erfaringane til elevane med «skulematematikken» knytast saman med situasjonar frå dagleglivet. Døme på dette kan vere å utføre ulike målingar, bygging, sportslege aktivitetar eller å oppdage matematiske samanhengar gjennom spel og leik.

Sjå alle utematematikkaktivitetane våre

Kva er viktig i utematematikk?

Utematematikk er noko anna enn å løyse tradisjonelle matematikkoppgåver utandørs. Når elevane får høve til å nærme seg fagstoffet på andre måtar enn det klasserommet gir, kan det bidra til at dei opplever matematikkfaget meir levande, kreativ og inspirerande.

Ved å oppdage og ta i bruk matematikken som er omtalt og vist i lærebøkene, kan forståinga til elevane av matematiske omgrep bli styrkt. Elevar kan få i oppgåve å gå ein avstand dei meiner er kilometer og etterpå måle avstanden dei har gått. Dei får ei praktisk erfaring med kor lang ein kilometer er.

Læring i fokus

Sjølv om undervisninga blir flytta ut av klasserommet, bør fagleg læring vere i fokus. Utematematikken i seg sjølv fører ikkje nødvendigvis til læring. For at læring skal skje må det vere tydeleg rammar, læraren må styre prosessen og arbeidet må vere målretta. Når tema eller aktivitet er vald, må læraren stille seg spørsmål som:

  • Kva er det elevane skal lære?
  • Kva vil vere faglege utfordringar for elevane?
  • Korleis vil elevane løyse oppgåva? Korleis rettleie utan å forklare?
  • Kva for praktiske eller sosiale utfordringar kan oppstå?
  • Korleis samanfatte aktiviteten ute/inne?
  • Korleis førebu elevane for oppgåva dei har arbeidd med ute?

Flasker med talletiketter

Oppgåvene som blir gitt bør vere eigna for samarbeid og diskusjonar, gi rom for ulike løysingsstrategiar og gjerne ha fleire løysingar. Elevane kan lage hypotesar og undersøkje om dei stemmer. Elevane må reflektere over eigne og løysingane og strategiane til andre, diskutere om strategiane dei har valt er formålstenleg, om løysingane fungerer i dei gitte situasjonane og vurdere om dei kunne løyst oppgåva på ein annan måte. Den praktiske tilnærminga til fagstoffet gir rom for individuelle tilnærmingar, samtidig som elevane skal samarbeide med andre for å finne felles løysingar. Faglege diskusjonar, resonnement og argumentasjon for løysingar vil auke forståinga og skape motivasjon for faget.

Korleis arbeid vidare med fagstoffet?

For at læringsutbyttet skal bli best mogleg, bør uteaktiviteten setjast i ein samanheng. Det kan skje gjennom å følgje denne strukturen: forarbeid, uteaktivitet og etterarbeid.

Forarbeid

Lærer og elevar planlegg og førebur uteaktivitetane. Det kan til dømes vere arbeid med nytt fagstoff, repetisjon av omgrep, lage eller finne fram utstyr.

Uteaktivitet

I uteaktivitetane arbeider elevane med praktiske oppgåver. Det kan til dømes vere å utforske omgivnadene (geometriske figurar), gjennomføre datainnsamlingar, gjere målingar, løyse praktiske problem, eller gjennomføre ein leik eller eit spel. Elevane er fysisk aktive, kommuniserer og samarbeider, bruker ulike sansar, får opplevingar og gjer erfaringar. Læraren observerer, motiverer og kjem med hint eller spørsmål til korleis elevane tenkjer.

Etterarbeid

Uteaktivitetane kan følgjast opp på ulike måtar. Det kan skje gjennom diskusjon og vidare arbeid knytt til aktiviteten. Det gir grunnlag for refleksjon rundt det faglege innhaldet og knyter det dei gjorde ute til matematikken dei arbeider med i til dømes læreboka. Elevane treng ofte hjelp til å sjå samanhengar mellom aktivitet og teori og samanhengar mellom dei ulike temaa i matematikken.

Reiknestykker

Opplevingane til elevane har eigenverdi

Alt som skjer ute treng ikkje alltid bli følgt opp eller ha ein direkte samanheng med det som skjer inne i klasserommet. Opplevingane elevane får knytt til uteaktivitetar har også ein eigenverdi. Intensjonen bør likevel vere å få fram ein tydeleg samanheng mellom det som skjer inne og ute. Elevane bør oppleve at utematematikken og matematikken dei arbeider med i til dømes læreboka utfyller kvarandre og eigentleg er to sider av same sak. Arbeidsforma gir moglegheiter for å tilpasse opplæringa til føresetnadene til elevane og gir elevane høve til å oppleve meistring. Dei erfarer at det finst mange ulike tilnærmingar til fagstoffet og at dei kan ta i bruk fleire sider av seg sjølv i arbeidet med å forstå matematikken.