Kan langtidsoppgåver vere eit godt alternativ til eksamen?

Gutt som ser på et ark med matematikkoppgaver
I 2024 skal over hundre vidaregåande skular prøve ut langtidsoppgåve som ein del av undervisninga. Ei forskingsgruppe frå Institutt for lærarutdanning ved NTNU skal følgje tett med på utprøvinga for å vurdere om langtidsoppgåver kan vere eit godt alternativ eller supplement til eksamen.

Utprøving av langtidsoppgåver er ein del av eit større arbeid Utdanningsdirektoratet (Udir) skal gjennomføre på vurderingsfeltet. Les meir hos Udir 

Eit viktig spørsmål i utprøvinga er om langtidsoppgåvene kan gi elevane større høve til å vise kompetansen sin i tråd med LK20, enn i ein tradisjonell eksamen.

Matematikksenteret si oppgåve i prosjektet er å samle inn og analysere data, med særleg blikk på korleis langtidsoppgåvene blir teke i bruk i matematikk 1PY. Matematikksenteret vil også bidra i den faglege dialogen mellom NTNU og faggruppene som har utvikla langtidsoppgåvene.

Langtidsoppgåver blir prøvde i første omgang ut i tre fag: Biologi 2, Politikk og menneskerettar og Matematikk 1PY. Dersom erfaringane er positive, kan det bli aktuelt for skular å søkje om å nytte langtidsoppgåve i staden for tradisjonell eksamen våren 2025.

Forskerteamet frå Institutt for lærarutdanning, NTNU er:

Gustaf Skar, professor, Skrivesenteret (prosjektleiar)

Lise Vikan Sandvik, professor, Institutt for lærerutdanning, NTNU

Henning Fjørtoft, professor, institutt for lærerutdanning, NTNU

Anne Grete Heimsjø, universitetslektor (naturfag)

Marita Byberg Johansen, universitetslektor, Skrivesenteret

Runa Eugenie Røttereng Greiner, universitetslektor, Skrivesenteret

Olav Dalsegg Tokle, universitetslektor, Matematikksenteret

Anne Holten Kvistad, førstelektor, Skrivesenteret

Trygve Kvithyld, førstelektor (norsk), institutt for lærerutdanning, NTNU

Det er Utdanningsdirektoratet som finansierer prosjektet, som strekkjer seg over inntil tre år.