Nordplus-prosjektet "Effective Mathematic Teaching Practices in Primary Education»

Samlebilde av deltagere på et møte, som står i en trapp utendørs.
Deltagerene i Nordplus-prosjektet under et møte i Trondheim, juni 2023.
Internasjonalt samarbeid med utveksling av erfaringar, utvikling av matematikkdidaktiske metodar, ny kunnskap og nye satsingar.

Våren 2022 tok Det tverrfaglege senteret for pedagogisk innovasjon ved Universitetet i Latvia, initiativ til eit toårig Nordplus Horisontal-prosjekt med tittelen «Effective Mathematic Teaching Practices in Primary Education». Målet med prosjektet var å danne nettverk på tvers av land og organisasjonar for å utveksle kunnskap og erfaringar om matematikkundervisning. I tillegg jobba partnarane med å prøve ut nye matematikkdidaktiske metodar og danne grunnlag for ny kunnskap og forslag til nye satsingar.



I prosjektet samarbeidde ulike organisasjonar frå tre land: Latvia, Sverige og Noreg. I tillegg til Universitetet i Latvia var Nationellt centrum för matematikutbildning (Göteborgs universitet), Matematikksenteret (NTNU), to barneskular i Riga, ein barneskule i Falkenberg og to barneskular i Trondheim partnarar i prosjektet. Kvar partnar bidrog med styrkane sine, med erfaring frå landet og institusjonen dei tilhøyrer. Universiteta har teoretisk grunnlag og erfaring med utdanning, skulane har praktisk erfaring og høve til å prøve ut ulike undervisningsideer.



Samarbeidet hadde fokus på korleis lærarar kan støtte elevars utvikling av talforståing ved å nytte ulike representasjonar i matematikkundervisninga. Prosjektet gav høve til å dele felles erfaringar og få nye idear, i tillegg til å prøve ut nye undervisningspraksisar i eigne klasserom, noko som igjen gav moglegheit for vidare forsking ved universitet.

Om Nordplus

Nordplus-programmet har som mål å styrkje og utvikle det nordiske og baltiske utdanningssamarbeidet. Det inneber å støtte, byggje vidare på og framme innovasjon innan utdanning gjennom systematisk utveksling av erfaringar og god praksis. Nordplus Horisontal-programmet involverer partnarar på tvers av sektorar, til dømes universitet og barneskule. Programmet er ope for alle institusjonar og organisasjonar som ønskjer å samarbeide om å utvikle utdanning innanfor eit livslangt læringsperspektiv.