Matematikklærar på 6. eller 7. trinn? Bli med på forsking om engasjement i matematikkfaget

Nyhet
/
11.09.2024
Undervisning i klasserom
Forskarar ved Universitetet i Stavanger er i gang med eit spennande forskingsprosjekt: Enact! Matematikksenteret er med som bidragsytar, og no søkjer vi lærarar som underviser i matematikk på 6. og 7. trinn som har lyst til å delta i prosjektet. Deltakarane får tilgang på mange gode undervisningsressursar i matematikk.

Enact har som mål å undersøkje korleis undervisningspraksisar kan bidra til å skape eit større engasjement for matematikkfaget. Matematikksenteret rolle er å utvikle matematikkressursane som inngår i prosjektet.

Vi leiter etter 120 norske skular som vil delta.

Deltaking inneber at minst to lærarar i matematikk, ein fra 6. trinn og ein fra 7. trinn på skulen ønskjer å delta i prosjektet. Prosjektet vil gå føre seg over to tidsperiodar i løpet av skuleåret 2025/2026: tre månader hausten 25 og tre månader våren 26. Lærarane som deltek må undervise trinnet sitt i matematikk heile året for å delta.

Metoden forskarane bruker er ein randomisert kontrollert studie. Det inneber i dette tilfellet at lærarane som deltek blir delte i fire ulike intervensjonsgrupper. Det er tilfeldig kva gruppe kvar lærar blir plassert i. Lærarar på same trinn vil bli plassert i same gruppe.

Gruppene blir slik fordelte:

  • Ein firedel av lærarane vil arbeide med ei kompetansepakke om engasjerande undervisning i matematikkfaget Dette materiellet er nettbasert.
  • Ein firedel vil arbeide med kompetansepakka om engasjerande undervisning, i tillegg til at elevane skal gi tilbakemeldingar på korleis dei opplever undervisninga.
  • Ein firedel vil berre få tilbakemeldingar frå elevane.
  • Ein firedel vil halde fram med å jobbe slik ein jobbar i dag.

Dei to gruppene som skal få tilbakemeldingar frå elevane, vil få tilgang til ein digital portal der elevane anonymt skal svare på konkrete spørsmål om undervisninga. Alle lærarane vil etter enda tiltaksperiode få tilgang til materiell og tilbakemeldingar.

Sjå film om Enact: 
 

Påmelding

Påmeldingsskjema finn du på Enact sin nettstad.

Spørsmål kan rettast til lesesenteret@uis.no

Ved å vere med på denne forskinga vil de lære meir om engasjerande undervisning, og gi eit viktig bidrag til lærarar og elevar i heile Noreg.

Vi er veldig klare for å gå i gang, og det håpar vi de også er!