Rom i rommet

Liten gutt som står inne i et grønt tøy-rør
Romforståing inkluderer behovet vårt for å kjenne til, beskrive og forstå samanhengar i omgivnadene våre. Barn utforskar stadig fleire sider ved rommet, og dei koplar dei kroppslege erfaringane sine saman med eit romleg språk.

Barna opplever og utforskar rørsle, høgder, djupner, retningar og avstandar for å forstå samanhengar i rommet dei bevegar seg i. Romforståing er derfor eit stort og mangesidig område som inkluderer evne til å orientere seg, til å lage og endre mentale bilete/kart, til å løyse problem, til å bruke og forstå romomgrep, og til å bevege seg på ein formålstenleg måte. Det å kunna tenke romleg er viktig fordi det er ein heilt essensiell del av det å tenke matematisk.

Bli inspirert til å jobba med rom saman med barna, sjå filmen:

 

Kva er romforståelse?

Barn opplever og utforskar bevegelse, høgder, djupner, retningar og avstandar fordi dei finn det relevant og spennande. Særleg i leik utandørs får barna mange erfaringar med rom. Uterommet er herleg ustrukturert og barna kan bevege seg på mange forskjellige måtar. Stadig nye og varierte erfaringar i rommet gir ei forståing som blir djupare og meir kompleks. Når barna for eksempel klatrar eller gøymer seg, er det givande å studere korleis dei brukar romforståinga si.

Viktigheita av kropp og sansar i utviklinga av romforståing er løfta fram i rammeplanen. Der står det at «gjennom arbeid med antall, rom og form skal barnehagen bidra til at barna bruker kroppen og sansene for å utvikle romforståelse”. Å utforske og erfare rommet sanseleg er altså essensielt i å utvikle romforståing. Men det er ikkje nok. For å utvikle romforståing er det også nødvendig at barna har vaksne rundt seg som set ord på det dei erfarer, som legg til rette for utforskande aktivitetar og som pratar med dei om romlege samanhengar i leik og kvardag. Gjennom å høyre romomgrep knytt til sine eigne opplevingar vil barna etter kvart utvikle eit godt innhald i desse. Barna vil utvikle forståing for at det er mange måtar å være inni på, og at opp, ned, øverst, rett fram, langs med og lengst bak er ord som er nyttige i mange ulike samanhengar i barnehagekvardagen. Romforståing kjem altså ikkje av seg sjølv – det krev varierte sanseerfaringar og vaksne som språkset, støttar og legg til rette.

Rekkefølge og lukketheit

Barn erfarer rekkefølge frå dei er helt små. I kvardagen i barnehagen skjer ulike aktivitetar gjerne i ei bestemt rekkefølge (leike, ete, sove). Rekkefølge er viktig når vi for eksempel skal fortelje ei historie, stå i kø, kle på oss, programmere ein robot eller lage ein film.

Lukketheit handlar om at noko kan vere lukka igjen eller opent og på kva måte det er lukka/open. Barn erfarer tidleg lukketheit ved at dei møter behaldarar, dører, hindringar og anna som kan bli lukka og opna. Dei utforskar lukketheit ved å lage gjerde av pinnar for å 4 stenge inne leikedyr, ved å klatre inn og ut av hyller og skap, eller ved å ta av lokket på behaldarar for å få tak i innhaldet.

I barnehagen kan vi legge til rette for at barna erfarer lukketheit ved å skape eigne rom i rommet. Aktivitetar som å lage hytte under bord, snøholer utandørs eller leik med pappesker gir barna erfaringar med å vere i lukka rom.

På bileta ser vi korleis to barn utforskar det tronge rommet under eit bord og i eit skap.

To barn sitter under et bordEt barn klatrer inn i et skap.

 

 

 

 

Orientering

Orientering handlar om å utvikle forståing for eiga plassering i rom, og om å komme seg rundt i dette rommet på ein hensiktsmessig måte. Barna utviklar orienteringsevne gjennom at dei utforskar omgjevnadane og utviklar forståing for retningar og avstandar mellom ulike stader. Dette heng også nøye saman med hugsen da barna må hugse ulike ruter dei har bevega seg i og dermed utvikle «mentale kart» over sine omgjevnadar. I det daglege kan vi legge til rette for at barna utviklar evna til å orientere seg ved å tilby eit spennande og variert miljø kor barna har rike moglegheiter for bevegelse, og kor dei blir utfordra til å beskrive vegen til kjente stader ved å bruke omgrep som tvers over, høgre og venstre, oppover og nedover, nært eller langt unna.

Aktivitetar som tampen brenn og blindebukk vil utfordre barna sine evner til å orientere seg sidan barna her må å tenke gjennom, utføre og uttrykke samanhengar i rommet.

Plassering

Plassering inneber barna si eiga plassering i eit rom, samt plassering av objekt i forhold til kvarandre. For å gi barn varierte og meiningsfulle erfaringar med plassering, er det vesentleg at personalet brukar omgrep aktivt, og at dei legg til rette for at barna får utforske og beskrive kva som skjer når dei sjølv eller gjenstandar skiftar plassering. Omgrep knytt til plassering inkluderer i, oppå, over, under, rundt, innerst, ytterst, framfor, bak, ved sida av, gjennom, mellom. I kvardagen er det lett at desse omgrepa blir erstatta av peiking og/eller ord som eksempelvis her, der og dit. Det bør vi prøve å unngå.

Visualisering

Romforståing handlar også om evna til å kunne tenke fleksibelt, om å sjå for seg ting og om å lage og endre bilde inni hovudet. Dette blir gjerne kalla for visualisering. Eit barn som leitar etter ei puslespillbrikke i et virvar av brikker, har eit mentalt bilde av denne i hovudet sitt og ser etter ei som er lik. På same måte brukar vi mentale bilde når vi flyttar eit bord i hovudet for å sjå om det får plass ut døra, eller vi snur ei form i hovudet for å sjå om ho vil fungere til eit bestemt formål. Barn visualiserer når dei førestiller seg ting som dei ikkje har framfor seg direkte. Denne evna til å lage seg bilde er svært relevant innanfor heile matematikkfaget, da det i mange samanhengar er heilt avgjerande å vere i stand til å sjå for seg situasjonar for å finne ei løysing.

Aktiviteter Beskrivelse

Å finne vegen på tur

Å finne vegen på tur

Denne aktiviteten gir barna høve til å jobbe med digitalkamera, leggje bilete over på ein PC og skrive ut desse.

Den gir også høve til å jobbe med rekkjefølgje og viktigheita av dette, og dessutan at dei må få fram mentale kart over stader dei har vore før.

Å finne vegen på tur

Taulek i revehiet – Er du like lur som reven?

Taulek i revehiet – Er du like lur som reven?

I denne aktiviteten får barna praktisk erfaring med mange romomgrep.

Taulek i revehiet – Er du like lur som reven?

Miniputtland

Miniputtland

I denne aktiviteten får barna erfaringar med å samanlikne storleikar. Dei får rike høve til å angi talet på eksakt og estimert, og dessutan beskrive form og plassering.

Miniputtland

Kva ser du?

Kva ser du?

Aktiviteten utfordrar barna til å oppfatte og analysere informasjon i omgivnadene sine ved at dei bruker kroppen og sansane sine. Aktiviteten er fin for å utvikle romforståing og å øve på å lage indre bilete.

Kva ser du?

Velt støvelen

Velt støvelen

Dette artige spelet gir barna erfaringar med omgrep knytt til plassering og koordinatar.

Velt støvelen

Eg gjekk ein tur på stien

Eg gjekk ein tur på stien

Denne aktiviteten passar både inne og ute. Barna får erfaring med å lage og beskrive ein sti dei byggjer sjølv, og dei møter omgrep som lang, kort, vinglete, rett fram, på skrå, i sving, oppover, nedover, framover og bakover.

Eg gjekk ein tur på stien

Bump eit barn

Bump et barn

I denne aktiviteten blir barna kjende med eit enkelt koordinatsystem. Dei får erfare korleis felta i systemet har namn på ein systematisk måte og korleis dette kan brukast i eit spel.

Bump eit barn

Sykkel med tidtaking

Sykkel med tidtaking

I denne sykkelaktiviteten får barna erfaring med omgrep om plassering, form og tid.

Sykkel med tidtaking

Dekk dromedaren

Dekk dromedaren

Denne aktiviteten er eit puslespel der barna møter omrisset av ein dromedar sett saman av kvadrat. Barna skal dekkje alle kvadrata på dromedaren med ti tilhøyrande brikker som ikkje skal overlappe kvarandre. I aktiviteten får barn erfaringar med å visualisere. For å dekkje dromedaren må barna planleggje og førestille seg korleis dei bør vri, snu og leggje formene på ein bestemd måte.

Dekk dromedaren