Matematikksenteret som utviklingspartner
Vi tilbyr ei rekkje kompetanseutviklingsløp for skular og kommunar. Saman skaper vi meir engasjement og interesse for matematikk!
Lokal kompetanseutvikling (Rekom og Dekom)
Den nye modellen for kompetanseutvikling betyr at barnehagar, skular, kommunar og fylkeskommunar sjølv har ansvar for lokalt kompetanseutviklingsarbeid. Utviklingsarbeidet skal skje i samarbeid med universitet og høgskular (UH-sektoren). Matematikksenteret er ein del av NTNU, og er dermed ein naturleg samarbeidspartnar.
Her er eit eksempel på korleis vi samarbeider med Nærøysund kommune:
Som nasjonalt senter har vi eit landsdekkjande ansvar for å auke kvaliteten i matematikkundervisninga, bidra til auka motivasjon og interesse for matematikkfaget, og for å styrkje kompetansen i den grunnleggjande ferdigheita rekning.
Vi har kompetanse på mange ulike tema innafor matematikkdidaktikk og undervisning. Alt vi utviklar byggjer på erfarings- og forskingsbasert kunnskap om kva som fremjar god læring og motivasjon i matematikk.
Her er noko av det vi kan tilby:
- Generell kompetanseutvikling i matematikkdidaktikk
- Djubdelæring i matematikk
- Ny læreplan LK 20
- Tenkjande klasserom (Building Thinking Classrooms)
- GeoGebra
- Utforskande matematikkundervisning
- Problemløysning og bruk av LIST-oppgåver/problemløysningsoppgåver (Mattelist.no)
- Misoppfatningar i matematikk
- Kompetanseløftet og elevar som har behov for særskild tilrettelegging (inkl. intensivkurs)
- Matematikk i barnehagen
- Kartleggingsverktøyet AlleTeller!
- Tidleg innsats i byrjaropplæringa
- Vurdering
Eksempel frå utviklingsprosjektar
Nettverk Hamarregionen er først ut i Noreg med storsatsing på undervisningsforma "Bygge tenkjande klasserom".
"Tidlig innsats i begynneropplæringen" er eit døme på eit utviklingsprosjekt vi har utvikla i samarbeid med Statsforvaltaren i Trøndelag og Skrivesenteret.
I prosjektet "Vurderingskompetanse og LK20", får lærarar i ungdomsskulen tilbod om å styrkje vurderingskompetansen sin i norsk, matematikk og engelsk. Det faglege innhaldet er utvikla av Matematikksenteret, Skrivesenteret og Fremmedspråksenteret.
I Nærøysund kommune skal lærarar ved seks skular etterutdannast i MAM-metodikken. Det toårige prosjektet føregår i tett samarbeid med Matematikksenteret.
I Osloskulen har dei brukt MAM-metodikken i etterutdanning av lærarar sidan 2019. Matematikksenteret er utviklingspartnar.
Dette kan vi bidra med som utviklingspartnar:
Samarbeidet blir innleidd med dialog, der kartlegging av behov og måla for tiltaket dannar grunnlaget for utviklingsarbeidet. Matematikksenteret tilbyr ulike former for samarbeid, som kan tilpassast ulike behov og økonomi. Vi kan:
- gje støtte til barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling i matematikk.
- støtte leiinga i prosessen, mellom anna ved å kartleggje behov og lage ein plan for kompetanseutvikling.
- bidra med spisskompetanse og støtte i utvikling av enkeltområde/tema.
- gjennomføre (leie og/eller støtte) samlingar i nettverk i kommunen eller i kollegiet på skular/barnehagar.
Matematikksenteret kan tilpasse bidraga sine til målet med utviklingsprosjektet i tett dialog med skulen/barnehagen/nettverket. De kan også velje blant Matematikksenterets etablerte tilbod, som er organisert i pakkar og modular som kan kombinerast og setjast saman på ulike måtar. Vi kan også lage digitale kurs og foredrag på bestilling, eller de kan bestille tilgang tildei digitale kursa og foredraga vi allereie har utvikla.
Om de har spørsmål eller ønskjer å få utarbeidd eit pristilbod, ta kontakt med kurs- og prosjektansvarleg Bård Vinje.
Informasjon om Matematikksenteret NTNU
Matematikksenteret NTNU er eit nasjonalt senter som jobbar med kompetanseutvikling, forsking, formidling og utvikling av læringsressursar og digitale verktøy.
Matematikksenteret har om lag 30 tilsette, der dei fleste har bakgrunn som lærarar frå grunnskulen, vidaregåande skule, lærarutdanning eller som barnehagelærarar.
Vi er tett knytt til skulen og praksisfeltet, og arbeidet vårt er forskingsbasert. Ei viktig oppgåve ved senteret er å støtte barnehagar og skular i kompetanseutviklingsarbeid og i å tolke, forstå og operasjonalisere rammeplanen og læreplanverket.
Senteret driftar fem nettsider (matematikksenteret.no, mattelist.no, realfagsløyper.no, matematikk.org og alleteller.no), og vi leier og driftar fleire nasjonale nettverk.