Verksted 15
Programmeringsstrategiar i matematikk
Denne verkstaden har som mål å definere kva programmering er i matematikkfaget, og korleis strategiane og metodane til programmering kan brukast til å auke elevars forståing av matematikk. Det blir lagt vekt på å skilje kva programmering er i informatikk/IKT og kva programmering er i matematikkfaget i grunnskulen.
Det er fleire arbeidsmåtar som tilhøyrar programmering som er relevant for matematikk, og omvendt arbeidsmåtar i matematikk som hjelper å forstå og bruke programmering. Algoritmisk tenking er ein slik arbeidsmåte/læringsstruktur som kan brukast både i matematikk og programmering, men på ulike måtar.
I denne verkstaden vil vi ha fokus på papirandpencil programmingstrategy (Kim, Kim, & Kim, 2013), der deltakarane får prøve sjølv å «programmere» og relatere den arbeidsmåten til matematikkfaget. Verkstaden fokuserer på bruk av flytskjema for å lage og følgje algoritmar som kan auke elevars forståing av matematikk. Flytskjema blir brukt for å illustrere algoritmisk tenking og kan brukast i begge fagfelt, for å strukturere eit problem, dekomponere den i mindre delproblem og legge til rette for effektiv løysing av problemet. Verkstaden skal prøve å løfte dette perspektivet til ein generalisering av kva programmeringsstrategiar som er relevant for matematikkfaget, og korleis kan lærarane undervise matematikk gjennom programmering.
Tirsdag 30. november kl. 14.45-16.05
Rom: Messanin 1
Kim André Stavenæs Refvik – stipendiat, Høgskulen i Volda
Stipendiat i matematikkdidaktikk og forskar på algoritmisk tenking knytt til problemløysing i matematikk. Underviser til vanleg i Programmering for lærarar og digitale verktøy i matematikk.
Martyna Katarzyna Fojcik – høgskulelektor, Høgskulen i Volda
Høgskulelektor i matematikkdidaktikk og forskar på utforskande arbeidsmåtar i matematikk og bruk av digitale verktøy i matematikk. Underviser i emna Programmering for lærarar og matematikk og programmering i lærarutdanninga.