Verksted 27
Stian Hirth
Stipendiat i matematikkdidaktikk ved universitetet i Bergen. Eg er eit år inn i doktorgradsprosjektet mitt, der eg forskar på matematikkundervisning på universitetsnivå. Spesifikt går prosjektet ut på å undersøke kva potensial som ligg i å nytte geometriske visualiseringar av konsept og operasjonar i grunnkurset «Lineær algebra» på UiB. Eg har ein mastergrad i matematikkdidaktikk, der eg forska på innføringa av kodespråket Python som ein ressurs for å lære å tenke algoritmisk i matematikk 1P. Eg har også arbeidd som høgskulelektor i matematikk på HVL campus Sogndal.
Utforskande visualiseringsoppgåver til bruk i vektorrekning
Matematikkdidaktisk forsking slår fast at abstraktheit innanfor matematikk er eit stort hinder for læringa hos mange elevar. Ein måte ein kan gjere pensumet meir handfast på er å introdusere visuelle representasjonar av dei konsepta og operasjonane ein ønsker å formidle. GeoGebra vert i forskingslitteraturen klassifisert som eit dynamisk geometrisystem (DGS), og slike system kan nyttast til å konstruere visualiseringar som kan bidra i å senke abstraktheita til matematiske konsept. Eit eksempel på eit tema der GeoGebra fungerer utmerka til å konstruere visuelle representasjonar er vektorrekning.
På denne verkstaden vil eg halde ein kort presentasjon der eg introduserer dei viktigaste funksjonane tilknytt vektorrekning i GeoGebra, og forklarer korleis desse kan brukast til å konstruere dynamiske program som gjer det mogeleg å utforske geometriske konsept ved å endre på variabelverdiane i programma. Det vil deretter bli delt ut nokon oppgåver som har som mål å konstruere geometriske representasjonar tilknytt vektorrekning. Desse oppgåvene søker ikkje nødvendigvis eit spesifikt svar på ei oppgåve, men gir heller gir rom for å utforske dei konsepta som ofte kan vere vanskelege for elevar å forstå utan nokon form for visuelle hjelpemiddel. Eit slikt program kan på den måten gjere konsepta som vert gjennomgått meir verkelegheitsnære, fordi ein ser den faktiske utviklinga i koordinatsystemet når ein endrar på nokon av verdiane i programmet. Dette kan i tur stimulere til læring.
Det er tenkt at alle oppgåvene skal relatere seg til vektorrekning, og at oppgåvene i stor grad er diskusjonsoppgåver knytt til det som er konstruert i programma.
Etter ei stund med oppgåvearbeid vil det bli opna for diskusjonar kring nytten av eit slikt verktøy i matematikkundervisninga.