Plenum 4
Tallene lurer deg!
Vi tel steg, kaloriar og vener. Vi rangerer opplevingar, måler og samanliknar, og vaknar opp til nye tal i nyhende kvar morgon. Dagleg produserer vi fleire tal enn menneska gjorde samla fram til år 2010. Fleire. Tal. Kvar. Dag.
Økonomiprofessor Helge Thorbjørnsen held foredrag om korleis tala snik seg inn i hovudet og kroppen vår, og påverkar korleis vi tenkjer, føler og har det. Når gjer tala oss sterkare, og når gjer dei oss svakare? Når lurer dei oss? Og når forvandlar dei oss til sjølvopptatte idiotar som stel kopimaskinpapir på jobb?