Verksted 17

Håvard Andreassen
Håvard Andreassen

Eg heiter Håvard Andreassen, og eg underviser i matematikk på Vardafjell vgs. Heilt sidan eg skreiv masteroppgåve i matematikkdidaktikk har eg lest om og øvd meg på utforsking og problemløysing i klasserommet. Dette engasjementet har eg fått delt med mange andre gjennom føredrag for ulike organisasjonar og som forfattar av Disko 1T, eit digitalt læreverk frå Cappelen Damm.

Korleis laga eigne, læreplantilpassa problem (til utforsking og problemløysing)?

"Kor finn eg gode oppgåver til utforsking og problemløysing?" er eit av dei vanlegaste spørsmåla eg får frå andre lærarar. Sjølv om det finnest mange gode ressurar på nett, synest eg det nyttigaste av alt er å kunna laga mine eigne.

Målet med denne verkstaden er at du skal bli kjent med konkret kunnskap og spesifikke teknikkar som du kan bruka til å laga eigne problem som passar der du er i læreplanen (og læreboka).

Det gjer me gjennom tre delar:

Først fortel eg litt frå den spennande og klasseromsnære forskinga eg har kost meg med dei siste åra: Kva ulike typar oppgåver kan me laga? Kva gjer eit problem godt … og dårleg? I kva situasjonar passar dei? Korleis kan me laga slike på ein tidseffektiv måte? Og så vidare.

I hovuddelen går me saman i grupper på tre, stiller oss ved verktikale tavler og utforskar kva som fungerer for den enkelte av oss. Her kan du velga mellom førebudde bestillingar på ulike trinn. Me lar oss riva med av idear, prøving og feiling og fantaserer om kva elevane vil gjera i møte med opplegga våre.

Til slutt deler me med kvarandre det me har komme fram til, men òg gode erfaringar og dei utfordringane me har støtt på. Her kan du heilt sikkert både få og gi tips.

På veg ut av døra trur eg du vil ta med deg inspirasjon og erfaringar du gleder deg til å prøva ut saman med elevane dine.